Troels Arnfred Bojesen

Troels Arnfred Bojesen var stipendiat ved Institutt for fysikk ved NTNU. Han disputerte i 2014 med ei doktoravhandling om feltteoriar innan lågtemperaturfysikk, med hovudfokus på superleiing.

Troels er frå Sauda og kom til NTNU i 2005 for å studere på sivilingeniør-linja for fysikk og matematikk.

Superdatamaskinar og -leiarar
        
9
  9. september, 2014
        


Troels_Bojesen-SuperdatamaskinarDet hender at oppdagingar av nye material skjer på slump, men som oftast kjem ein ikkje langt utan gode kunnskapar om fysikken på atomnivå. Det er i dag mogleg å rekne ut korleis nokre få, isolerte atom vil te seg. Verre er det når milliardar på milliardar av atom er pakka tett saman i eit material. Problemet blir då at sjølv om det er enkelt å setje opp likningane som beskriv fysikken, er det vanskeleg å løyse desse.

I dette forskingsarbeidet har me brukt superdatamaskinar i Tromsø og Trondheim til å utforske modellar for material som viser superleiing. Superleiing er eit fenomen der all elektrisk motstand blir borte når materialet blir kjølt under ein bestemt temperatur.

I den eine delen av arbeidet blei ein tidlegare framsett påstand om oppførselen til såkalla kvante-antiferromagnetar undersøkt. Kvante-antiferromagnetar er interessante, då ei viktig, men ennå ikkje fullt ut forstått klasse av superleiarar, høyrer til denne gruppa av material.

Påstanden blei tilbakevist. Sjølv om utfallet i så måte var «negativt», er slike resultat ein viktig del av den vitskapelege prosessen.

I den andre delen av arbeidet tok me for oss modellar som skildrer ein relativt nyoppdaga klasse av jern-baserte superleiarar. Superleiinga i desse ser ut til å vere meir kompleks enn det som er vanleg i «tradisjonelle» superleiarar. Basert på utrekningane våre ser det mellom anna ut til at desse materiala skal kunne ha ein ikkje-normal oppførsel for eit temperatur-intervall over den superleiande tilstanden. Dersom dette skulle vise seg å stemme i lab-forsøk, vil det i første omgang vere av teoretisk betydning. På lengre (og meir spekulativ) sikt kan ein tenke seg at desse eigenskapane kan brukast innan sensorar og kvante-datamaskinar.

Eg kan kontaktast på e-post: tr-ab@online.no